Tysnes Sparebank Cup
Invitasjon til
TYSNES SPAREBANK CUP 2010
Reiso gras 2.juli – 4.juli
GENERELT OM CUPEN:
Njardar/Tysnes inviterer i år til den 14. ”gatecupen” på rad på Reiso gras.
Tysnes Sparebank Cup 2010 er for alle over 15 år som har lyst å spela fotball.
Njardar/Tysnes ynskjer på denne måten å aktivisera både fastbuande og ferierande til ei ”uhøgtidleg” og sosial fotballhelg, utan for mykje alvor!
Tilbodet er først og fremst for dei som til vanleg ikkje spelar organisert fotball.
Dersom DU har lyst å spela fotball, få med deg vener/slektningar/naboar og meld ”dåke” på i ein av klassane nedanfor.
KLASSEINNDELING:
Klasse 1 – ”Lettbeinte menn” – 7’ar fotball
- inntil 2 aktive pr.lag der begge aktive kan vera på banen samtidig.
(1 keeper og 6 utespelarar på banen samstundes og inntil 4 innbyttarar)
Klasse 2 – ”Sårbeinte menn” – 7’ar fotball
- ingen aktive på laga, dvs. spelarar som ikkje spelar fotball til vanleg.
(1 keeper og 6 utespelarar på banen samstundes og inntil 4 innbyttarar)
Klasse 3 – ”Stivbeinte menn” – 7’ar fotball
– frå og med 40 år og oppover.
(1 keeper og 6 utespelarar på banen samstundes og inntil 4 innbyttarar)
Klasse 4 – ”Lettbeinte damer” – 5’ar fotball
– inntil 2 aktive pr.lag der begge aktive kan vera på banen samtidig.
(1 keeper og 4 utespelarar på banen samstundes og inntil 3 innbyttarar)
Klasse 5 – ”Sårbeinte damer” – 5’ar fotball
– ingen aktive på laga, dvs. spelarar som ikkje spelar fotball til vanleg
(1 keeper og 4 utespelarar på banen samstundes og inntil 3 innbyttarar)
DEFINISJON AV AKTIVE:
Med aktive meiner me alle f.o.m 15 år t.o.m.39 år som spelar fotball til vanleg, dvs.alt frå gute-/jente-/juniorspelarar som spelar aldersbestemt fotball t.o.m herrer/damer senior som har spelt seriekampar i regi av krets/NFF. Spelarar f.o.m 40 år og oppover vert ikkje rekna som aktive.
Dei som er aktive i klasse 1 og 4 skal merkast av på lagoppstillinga.
NB! Ein spelar kan kun delta på eitt lag.
Elles NFF’s vanlege reglar for 7-ar fotball, men keeper får ikkje lov å kasta/sparka ballen over midtbanen når han/ho har ballen i fast grep.
NB! Hugs leggskinn - spelarar som ikkje nyttar leggskinn kan bli vist av banen til dette er retta opp
KAMPAVVIKLING:
Innleiande rundar fredag kveld og laurdag. Sluttspel vert søndag ettermiddag.
Det vert i utgangspunktet 4 lag i puljene og spelt serie i innleiande rundar, dvs. min. 3 kampar på kvart lag. Dei beste laga i kvar klasse går vidare til sluttspelet. Sluttspelet vert arrangert som cup. Ved uavgjort resultat i sluttspelet vert kampane avgjort med straffekonkurranse.
SPELETID:
2 X 13 minutt pr. kamp.
Oppmøte med registrering i sekretæriatet min. ein halv time før kampstart.
KAMPOPPSETT:
Kampoppsett vert sendt til kvart lag ved kontaktpersonen.
NB!! Hugs namn på laget, klasse, adresse, tlf.nr. – epost til kontaktpersonen ved påmelding!
DOMMARAR:
Njardar/Tysnes sine medlemer/spelarar/dommarar.
JURY:
Det vil verta oppretta ein jury. Evt. protestar må leverast skriftleg til sekretæriatet min. 1 time etter at kampen er ferdig. Protestgebyr kr. 200,- (vert refundert dersom protesten vert teken til følgje).
ARRANGØR:
Njardar/Tysnes ved cupnemnda.
Det vert oppretta sekretæriat i klubbhuset med resultatservice.
Kiosk-sal m/kaffi, vafler, pølser, is og brus.
Oppdatering av resultater via ”nettet” på www.njardar.no .
PREMIAR:
Premie til dei 4 beste laga i kvar klasse.
Lagpremie og premie til kvar spelar for dei to beste laga i kvar klasse. Lagpremie til tredjeplassane (dvs. det vert ikkje spelt bronsefinaler).
Trøstepremie til det dårlegaste laget (gjeld felles for alle klassar).
Premie til laget med originalast drakter (gjeld felles for alle klassar).
Premieutdeling etter finalane søndag ettermiddag.
NB!!!! Lag som nyttar meir enn 2 aktive i klasse 1 og 4 vert diskvalifisert!!
NB!!!! All bruk av alkohol inne på området er forbode!
Spelarar som nyt alkohol vil bli diskvalifisert!
PÅMELDINGSFRIST OG BETALING:
Påmelding til Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa innan 05.06.10.
”Første mann til mølla” gjeld!!
Påmeldingsavgift: kr. 1.000,- pr. lag i klasse 1-3
kr. 700,- pr. lag i klasse 4-5.
Påmeldingsavgifta skal betalast til:
Tysnes Sparebank Cup 2010
v/Tore Økland
5680 Tysnes
Bankkontonr.: 3525.40.49032
NB! Påmeldingsavgifta skal vera betalt innan 05.06.10.
PÅMELDINGSSKJEMA TIL TYSNES SPAREBANK CUP 2010:
Lagets namn:____________________________________________________
Klasse:_________________________________________________________
Kontaktperson:___________________________________________________
Adresse:________________________________________________________
Tlf.nr./e-mail:____________________________________________________
