Tap 1-3 for Os 2
Gutelaget tapte for eit godt Os-lag, men la ned god innsats.
Etter tap 0-8 for osingane i vår, la me opp til ein stram defensiv jobb i denne heimekampen. Og sjølv om det sjølvsagt gjorde at me ikkje skapte så mykje offensivt, var det veldig godt organisert defensivt.
Os tok ei tidleg leiing og dei putta også like før pausen. Eit kvarter ut i 2.omgong scora Njardar og det var ein flott kontring. Me låg kompakt bak, vann ballen og Daniell dreiv oppover 30-40 meter før han slapp ballen til Christian som frå 20 meter klinte ballen i nota. Etter scoringa fekk me meir spel på Os sin halvdel, men mot slutten fekk dei det avgjerande målet til 3-1.
Desse var med: Kjetil, Jon, Markus, Alf, Vegard, Daniell, Tore, Aksel, Christian, Tommy, Morris, Andreas, Simon, Torstein, Glenn.
