sponsorplass    sponsorplass    sponsorplass    sponsorplass    sponsorplass    sponsorplass
Velkomen til Njardar IL

Heimetap for Fusa

Gode første 20 minutt i kvar omgong var ikkje nok, gutelaget tapte 2-6 heime for Fusa før helga.

 

Njardar starta godt i begge omgongane og produserte fleire hundreprosentsjansar utan å klara overlista Fusa målvakta.

Defensivt "selte" ein seg for lett, og når Fusa si store stjerne begynte dribleraida sine glei han gjennom og scora. Det var same spelar som scora alle 6 måla for Fusa.

Njardar fekk sine to mål i starten av 2.omgong (og då var Fusa-målscoraren av banen) på stillinga 0-3. Først skaut Tore Hodneland eit innlegg frå høgrekanten i mål, før Kjetil Høviskeland la inn eit fantastisk innlegg frå død vinkel som Daniell Hauge Hansen med ein lika fantastisk heading styrte ballen i vinkelen på bakerste stolpe.

Dermed reduserte me til 2-3 og det var skikkeleg kamp igjen. Men fusingane slapp så innpå stjerna si igjen og han putta tre mål til mot slutten og dermed for futten ut av gutane.

 

 
på Tysnes - Gudanes øy

Gevinstregistrering

grasrodandelen

Sponsorar

tysnes_sparebank

tysnes_kraftlag

andersland_bygg

rolls_royce

alsaker

sporten

leroy

Siste nytt
Reiso grasbane
reiso