sponsorplass    sponsorplass    sponsorplass    sponsorplass    sponsorplass    sponsorplass
Velkomen til Njardar IL

Seier for damelaget


Damelaget vann 4-1 heima mot Bergen Nord/Hovding i ettermiddag. Damene avgjorde kampen  den første halvtimen med 3 scoringar der spesielt 1-0 (Marita) og 3-0 (Torunn) var nokre perler. 2-0 vart det etter skot frå Marita som forandra retning i ein av bortelaget sine spelarar. Resten av omgangen datt ein litt nedpå utan dei store sjansane, men heller ikkje bortelaget skapte noko særleg.
2.omgang vart nærast ein transportetappe utan det store spelet. Likevel skapte heimalaget nok sjansar til å kunna ha scora langt fleire mål, men avslutningane gjekk som regel midt på keeper. Bortelaget reduserte til 1-3 då dei kom åleine mot Kirsti 10 min. før slutt, men like etterpå fastsette Renathe sluttresultatet til 4-1 på ein kontring.

Damene har fått ein fin start på sesongen med 3 sigrar og 1 tap.
Desse har vore med i kampane: Kirsti, Veronika, Reidun, Kristine, Torunn, Marita, Karoline, Renathe, Wibecke, Ane, Viktoria og Marit Helen.

 
på Tysnes - Gudanes øy

Gevinstregistrering

grasrodandelen

Sponsorar

tysnes_sparebank

tysnes_kraftlag

andersland_bygg

rolls_royce

alsaker

sporten

leroy

Siste nytt
Reiso grasbane
reiso