Velkomen til Njardar IL
Søk

Tysnes Sparebank Cup 2012

 
 Njardar/Tysnes inviterer til

 

TYSNES SPAREBANK CUP 2012

 

GATECUP FOR VAKSNE

 

PÅ REISO GRAS OG KUNSTGRAS

 

6.JULI – 8.JULI 2012

 

GENERELT OM CUPEN:

Njardar/Tysnes inviterer i år til den 16. ”gatecupen” på rad på Reiso gras.

 Tysnes Sparebank Cup 2012 er for alle over 16 år som har lyst å spela fotball.

Njardar/Tysnes ynskjer på denne måten å aktivisera både fastbuande og ferierande til ei ”uhøgtidleg” og sosial fotballhelg, utan for mykje alvor!

Tilbodet er først og fremst for dei som til vanleg ikkje spelar organisert fotball.

Dersom DU har lyst å spela fotball, få med deg vener/slektningar/naboar og meld ”dåke” på i ein av klassane nedanfor.

 

KLASSEINNDELING:

 

Klasse 1 – 7’ar fotball

”Lettbeinte menn” – inntil 2 aktive pr.lag der begge aktive kan vera på banen samtidig.          

                                   (1 keeper og 6 utespelarar på banen samstundes og inntil 4 innbyttarar)

 

Klasse 2 – 7’ar fotball

”Sårbeinte menn” – ingen aktive på laga, dvs. spelarar som ikkje spelar fotball til vanleg.

                                   (1 keeper og 6 utespelarar på banen samstundes og inntil 4 innbyttarar)

 

Klasse 3 – 7’ar fotball

”Stivbeinte menn” – frå og med 40 år og oppover.

                                   (1 keeper og 6 utespelarar på banen samstundes og inntil 4 innbyttarar)

 

Klasse 4 – 5’ar fotball

”Lettbeinte damer” – inntil 2 aktive pr.lag der begge aktive kan vera på banen samtidig.

                                   (1 keeper og 4 utespelarar på banen samstundes og inntil 3 innbyttarar)

 

Klasse 5 – 5’ar fotball

”Sårbeinte damer” – ingen aktive på laga, dvs. spelarar som ikkje spelar fotball til vanleg

                                    (1 keeper og 4 utespelarar på banen samstundes og inntil 3 innbyttarar)

 

 

DEFINISJON AV AKTIVE:

Med aktive meiner me alle f.o.m 16 år t.o.m.39 år som spelar fotball til vanleg, dvs.alt frå gute-/jente-/juniorspelarar som spelar aldersbestemt fotball t.o.m herrer/damer senior som har spelt seriekampar i regi av krets/NFF. Spelarar f.o.m 40 år og oppover vert ikkje rekna som aktive.

Dei som er aktive i klasse 1 og 4 skal merkast av på lagoppstillinga.

NB! Ein spelar kan kun delta på eitt lag.

Elles NFF’s vanlege reglar for 7-ar fotball.

NB! Hugs leggskinn

-          spelarar som ikkje nyttar leggskinn kan bli vist av banen til dette er retta opp

 

KAMPAVVIKLING:

Innleiande rundar fredag kveld og laurdag. Sluttspel vert søndag ettermiddag.

Det vert i utgangspunktet 4 lag i puljene og spelt serie i innleiande rundar, dvs. min. 3 kampar på kvart lag. Dei beste laga i kvar klasse går vidare til sluttspelet. Sluttspelet vert arrangert som cup. Ved uavgjort resultat i sluttspelet vert kampane avgjort med straffekonkurranse.

 Alle lag må pårekna at min. 1 kamp vert spelt på kunstgras.

 

SPELETID:

2 X 13 minutt pr. kamp.

Oppmøte med registrering i sekretæriatet min. ein halv time før kampstart.

 

KAMPOPPSETT:

Kampoppsett vert sendt til kvart lag ved kontaktpersonen.

NB!! Hugs namn på laget, klasse, adresse, tlf.nr. – epost til kontaktpersonen ved påmelding!

 

DOMMARAR:

Njardar/Tysnes sine medlemer/spelarar/dommarar + innleigde dommarar.

 

JURY:

Det vil verta oppretta ein jury. Evt. protestar må leverast skriftleg til sekretæriatet min. 1 time etter at kampen er ferdig. Protestgebyr kr. 200,- (vert refundert dersom protesten vert teken til følgje).

 

ARRANGØR:

Njardar/Tysnes ved cupnemnda.

Det vert oppretta sekretæriat i klubbhuset med resultatservice.

Kiosk-sal m/kaffi, vafler, pølser, is og brus.

Oppdatering av resultater via ”nettet” på www.njardar.no .

 

PREMIAR:

Premie til dei 4 beste laga i kvar klasse.

Lagpremie og premie til kvar spelar for dei to beste laga i kvar klasse. Lagpremie til tredjeplassane (dvs. det vert ikkje spelt bronsefinaler).

Fair Play pris (gjeld felles for alle klassar).

  

NB!!!! Lag som nyttar meir enn 2 aktive i klasse 1 og 4 vert diskvalifisert!!

 

NB!!!! All bruk av alkohol inne på området er forbode!

            Spelarar som nyt alkohol vil bli diskvalifisert!

 

PÅMELDINGSFRIST OG BETALING:

Påmelding til Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa   innan 05.06.12.

”Første mann til mølla” gjeld!!

Påmeldingsavgift: kr. 1.100,- pr. lag i klasse 1-3

                                    kr. 800,- pr. lag i klasse 4-5.

 

Påmeldingsavgifta skal betalast til:

Tysnes Sparebank Cup 2012

v/Tore Økland

5680 Tysnes

Bankkontonr.: 3525.40.49032

NB! Påmeldingsavgifta skal vera betalt innan 05.06.12.

PÅMELDINGSSKJEMA TIL TYSNES SPAREBANK CUP 2012:

Lagets namn:____________________________________________________

Klasse:_________________________________________________________

Kontaktperson:___________________________________________________

Adresse:________________________________________________________

Tlf.nr./e-mail:____________________________________________________

 

 

Sist oppdatert (tysdag 08. mai 2012 18:22)

 
på Tysnes - Gudanes øy

tysnes_sparebank
grasrotandelen-njardar
tysnes_kraftlag
andersland_bygg
rolls_royce
alsaker
sporten
leroy
datahjelp_webdesign
sponsorplass

Siste nytt