tysnes_data    sponsorplass    sponsorplass    sponsorplass    sponsorplass    sponsorplass

God start på sesongen for 99 laget

G99 har kome godt i gong i sesongen. Talet på spelarar har auka til 13 der 12 så langt har vore med på kamp. Spelarane er positive og stiller på alle treningar som vert leia av Malin Kongsvik.

Den første kampen gjekk heime på Reiso mot Os Porto der resultatet vart tap 4 – 6. I denne kampen tok det litt tid før Njardar kom i gong.

Neste kamp var mot Nore Neset svart der Njardar vann 4 – 2. Fire ulike målscorarar og flott innsats av heile laget gav ein fortent siger.

Heime mot Os Rød vart det etter kvart lett spel. 10 – 1 til Njardar stod det då kampen vart blesen av. Gutane fekk til samspelet og då kom måla rennande.

Den fjerde kampen gjekk mot Nore Neset 2 på Skeie. Laga følgde kvarandre tett, og til slutt trekte Nore Neset det lengste strået med siger 5 – 4. Njardar leverte ein god kamp, og resultatet kunne like gjerne ha tippa andre vegen.

Trenarane let alle spelarane få like lang tid på banen i kvar kamp noko som er viktig på dette alderstrinnet og som spelarane synest er o.k. Spelarane synest å trivast saman og dermed får ein godt frammøte på trening.

 
Siste nytt
Reiso grasbane
reiso