Tap for gutelaget
Os for sterke!
Gutelaget tapte 8-0 for Os fredag kveld på Kuventræ krøllgras. Resultatet lyg ikkje, osingane var så gode! Dei var gode teknisk og hadde stor bevegelse i laget, slik at det var vanskeleg å koma opp i dei. Ballen gjekk rett og slett for fort for gutane våre.
Os opna i eit forrykande tempo. Halvvegs ut i kampen kom me litt meir med og høgare opp på banen, men utan å skapa dei store sjansane. 3-0 til pause.
Etter pause var det stor sett einvegs køyring. Heilt på slutten skapte me nokre avslutningar, men ingen på mål.
Os trenar fire gonger i veka på krøllgras. Me har trent ein gong i veka inne i hallen med dårleg frammøte. Det viste klart i denne kampen!!



