To bortesigrar på rad for G96
Fredag 14.05 tok gutane sesongens fyrste seier.
Kampen begynte dårlig for vår del og me låg under både 1-0 og 2-1 før me fekk et viktig utlikningsmål før pause.
Me var langt i fra fornøyd med fyrste omgangen og det vart litt kjeft i pausen.. Dette hjelpte nok, for med ein heilt annen innsats og innstilling i 2.omgang rulla me opp angrep etter angrep, medan Strandebarm omtrent ikkje klarte å komma seg inn på vår banehalvdel.. Dette førte til to nye mål (og ein haug med 100% sjansar) til oss.. Seier 2-4 ! Banens beste Markus Frøkedal, som kom inn ved pause og var innvolvert i det aller meste resten av kampen ! Målscorarar: Ruben x2, Aksel, Simon Malkenes
Fana 2 - Njardar 0 - 2
Bortekamp nr to på under ei veke. Tirsdag 18.05
Nærmast perfekt gjennomført, der me har ein enorm innsats, vilje og evne te å spela fotball heile kampen gjennom ! 1-0 kom på contring der Simon lurar offsidefella på et kort gjennomspel frå Ruben, rundar keeper og set ballen i ope mål. Dette rett før pause, supert for vår del!
2.omgang er endå bedre enn den fyrste der me spelar flott fotball, via midten og ut på kantane, skapar ein del halvsjansar og nokre større. Får ikkje utteling før Simon Storetvedt endar nok et fint angrep med å plassera ballen i hjørna frå 16-17m.
Godt jobba heile kampen gjennom av samtlige !
