Njardar IL - Tysnes / Årsmøte
ÅRSMELDING 2009
NJARDAR/TYSNES.
Styret i klubben har hatt følgjande samansetjing:
Leiar: Per Vermedal
Nestleiar: Bjørn Kongsvik
Styremedlem: Mariann Ebbesvik
Vidar Skulstad
Rita Teigland
Varamedlem: Annfinn Kleppe
Karoline Dalen
Tore Økland har vore kasserar(ikkje med i styret).
Generelt.
Det har vore halde 9 styremøte i 2009.I tillegg har det vore halde 3 trenar- og oppmannmøte, 2 i vårsesongen og 1 i haustsesongen.
Styret har jobba utifrå ein aktivitetsplan der Njardarbasaren, Fotballens dag, Tysnes Sparebank Cup om sommaren og i romjulscupen(sponsa av Tysnes Kraftlag) er viktige arrangement for klubben. I tillegg har klubben også i år arrangert fotballskule for aldersgruppa 7 – 11 år. Vidare har tiltak som bok og bæreposen også i 2009 vore utgitt.
Den tradisjonelle fotballfesten for vaksne vart i år halden på Mandelhuset.
Kulturprisen 09 gjekk til Nils Eivind Hansen.
Økonomi.
Klubben har ein sunn og god økonomi.
Njardarbasaren , teljing på Rimi, Tysnes Sparebank Cup om sommaren og Tysnes Kraftlags Cup er viktige inntektskjelder for klubben saman med bæreposen, medlemskontigent, stadionreklame og utleige av klubbhuset. Nytt for året er Grasrotandelen som også har gjer pengar i klubbkassa.
Økonomigruppa: Karoline Dalen,Fredrik Haugsgjerd og Lars Enes
Utleige av klubbhus
Klubbhuset har vore utleigd til Uggdal Skule frå des.08 til aug.09 i tillegg har Tine og Askøy Brass leigt huset.
Per Vermedal har stått for utleige av klubbhuset.
Vedlikehald anlegg.
Per Vermedal har hatt ansvar for gjødsling/kalking av banen medan Nils Eivind Hansen har slått banen.
Prosjekt Reiso kunstgrasbane.
Prosjektgruppa har i 2009 hatt 5 møter. Det har i hovudsak vore fokus på finansiering.
Søknader om støtte til banen er sendt til Tysnes kommune, Tysnes kraftlag og Gjensidigestiftelsen
Frå kommunen er det kome tilbakemelding om at den støttar prosjektet med kr.500.000,- over 2 år (2010 og 2011). Kva rolle kommunen skal ha med omsyn til bygging/eigarforhold er noko som må avklarast i 2010. Det kan no sjå ut som klubbar kan få attende delar av mva. ved bygging av anlegg.
Me har ikkje fått svar på søknaden frå kraftlaget medan det vart negativt svar frå Gjensidigestiftelsen (kan søkja på nytt i 2010).
For øvrig er det laga eit prospekt som inneheld historikk, økonomi, anleggssituasjon m.m om klubben. Dette er planlagt nytta som profilering opp mot aktuelle sponsorar, støttespelarar og media.
Søknad om spelemidlar er sendt kommunen innan fristen som var 15.11.09 (fornying).
Prosjektgruppa:Helge Drange Atle Andersland,Nils E.Hansen,Kjartan Hagen og Bjørn Kongsvik.
Kiosk.
I 2009 har klubben hatt open kiosk ved alle større arrangement som Fotballens dag, Tysnes Sparebank Cup om sommaren og Tysnes Kraftlag Cup. Salet har gått med overskot. Ein har nytta seg av spelarar og foreldre i dugnadsgjengen utifrå medlemslistene, dei aller fleste har møtt og gjort ein god jobb, men kiosknemnda har også fått ein del ”sure”tilbakemeldingar frå foreldre. Det er her viktig at ein har oppdaterte medlemsliste.
Ansvarleg for kiosken har vore Mariann Ebbesvik og Rita Teigland.
Basar
.Njardar-basaren vart halde i Grendatun 22. mars. Solid innsats av komiteen medførte eit flott resultat også i år. Komiteen: Styret m/ Anfinn Kleppe, Karoline Dalen, Mariann Ebbesvik og Rita Teigland.
Fotballens Dag.
Fotballens Dag vart arranger 19.april. Også i år hadde vi den på grasbanen. Som vanleg var det bra oppslutnad om denne dagen og 7 kampar vart avvikla med 14 lag i aksjon.
Tysnes Sparebank Cup. 3-5 juli
Tysnes Sparebank Cup vart som vanleg avvikla første helga i juli. Rekorddeltaking med 71 påmelde lag og flott oppleving både for deltakarar, publikum og arrangørar.Vassbakken blei brukt på fredagen,der Lundegrend hadde kiosken.
Ansvarlege for cupen: Nils Eivind Hansen Ronny Bakkane Bjørn Kongsvik og Per Vermedal. Mariann Ebbesvik og Rita Teigland hadde ansvaret for kiosken. Fleire av A-lagsspelarane var med og dømte kampar.Det vart leigt inn ein dommarar frå Stord til søndagen
Fotballskule. 22- 24-25 juni
Klubben arrangerte for fjerde gong fotballskule for aldersgruppa 7 – 12 år. Gjennom søknad vart klubben godkjend av kretsen og TINE som TINE fotballskule. TINE sponsa utstyr som t-skjorte, diplom,ryggsekk og drikke/youghurt medan klubbben spanderte frukt og hotdog.
Tiltaket var svært populært med 50 påmeldte spelarar. Fotballskulen vart gjennomført etter NFF sine rammer. Trenarar var spelarar frå senior/guttelag/damelag.
Tysnes Kraftlags romjuls cup
For sjette året på rad vart romjulscupen arrangert i Tysneshallen med totalt 24 påmelde lag ein nedgong frå i fjor.Bør leggja cupen til etter 2,-.juledag og få fleire lag i dei yngste klassane.
Mykje publikum på tribunen alle dagar medførte eit godt kiosksal. Også i år tok ein inngangspengar slik at totalt vart det eit flott resultat økonomisk.
Med enno meir førehandsomtale/informasjon kan dette bli eit enno større arrangement hvis ynskjeleg. Ansvarleg har vor Helge Hauge, Bjørn Kongsvik,Per Vermedal og Nils Eivind Hansen. Mariann Ebbesvik og Rita Teigland hadde ansvaret for kiosken.
Dommarar.
Ronny Bakkane,Kjell B.Fylkesnes og Åge Bakke har representert klubben utanfor kommunen som dommarar.
Ronny har dømt til og med 4. div. og vore linjemann i 3. divisjon. Ein del gutelagsspelarar har dømt dei aldersbestemt laga. Spesielt Ronny Bakkane fortener stor ros for alltid å stilla opp.
Bøter.
Klubben fekk 2000,- i bot da ein trekte laget i guteklassen og 1000,- i dommarbot då det berre var Ronny som har dømt nok kampar.
Sponsorar.
Mange bedrifter har vore med å sponsa klubben i 2009 som annonsørar på stadionreklame , draktreklame, lysingar i Bladet Tysnes, bæreposen, cupar m.m.
Det er laga ny treårig avtalar med Tysnes Sparebank som er hovudsponsor på sommarcupen og med Tysnes Kraftlag som er hovudsponsor på romjulscupen.
Ei stor takk til alle.
Nettsida.
Leiarar for laga har muligheit til å leggja inn stoff om laget på sida.Det blir jobba med ny nettside.
Generelt om sportsleg aktivitet.
Det har vore stor aktivitet i klubben i 2009.
Klubben har hatt ein spelar på kretslag(Hordaland), Renathe H. Lunde
Talet på lag i seriespel har vore 11 som er tre fleire enn året før.. Positivt er at me framleis har mange på småjentelaget og damelag. I tillegg har klubben hatt to lag i J99
I gruppa miniputtar (årsklasse 2000 – 2002) er det stor aktivitet, om lag 40 spelarar.
Fleire foreldre burde vore med å hjelpt til på treningar og cupar.Klubben har hatt lag med på Norway Cup,Puttefestivalen og Bjørnefjord Cup.
Fotballskule for J/G 96
Klubben har sendt 5 jenter og 5 gutar til fotballskulen i år:Monica Borgen,Alexandra Fenne,Hanne Storesætre,Helene Bakke og Elin Skorpen.
:Ruben Lunde,Aksel Lande,Lasse Skulstad,Andreas Frøyseth og Rolf Elling Utne.
Tre spelarar blei tatt ut til sonesamling: Aksel Lande,Hanne Storesætre og Elin Skorpen
Minimerket
Etter sommaren tok årskulla 99-03 minimerket.Heile 52 spelarar tok merket.
Overgangar
Magnus Bakke ,Lars Trane og Kjell B.Fylkesnes har meldt overgang til klubben medan Silje Flakke(Nymark),Rikke Vermedal(Stord),Marius Dalland(Os),Endre Vermedal(Stord) og Gard G.Bakke(Bergen Nord) har gått frå klubben.
NORWAY CUP 2009
Njardar/Tysnes hadde 3 lag med i Norway cup i år. Det var jenter 13/14 år, gutar 13 år og gutar 14 (smågutar).
Alle laga reiste saman med buss til Oslo og Holmlia skule som var innkvarteringsstaden. Sidan me hadde eigen buss og ein svært serviceminded bussjåfør(Beate Storesætre) så vart det veldig greit med all transport til og få fotballarenaene .
Jentene stillte med 11’ar lag og opna med å slå Tromsø klart 4-0, Deretter vart det 1-3 for Stabæk og tilslutt 0-5 mot Sandved. Men dei gjekk vidare til b-sluttspelet. I 1/16 finalen slo dei Nes/Ringsaker 3-2 men vart stoppa i 1/8finalen av Team Zambia som vann 5-0.
G 14 starta mot eit samansett palestinsk lag som vann 7-0. Men nestre kamp mot Årdalstangen enda 3-3. Til slutt vann dei heile 6-1 over Oppegård. Dei tapte kampen om A-sluttspel på for dårleg målforskjell. I B-sluttspelet vat det tap for Valnesfjorden 1-2.
G 13 fekk for tøff motstand i alle dei innleiande kampane. Det vart 0-8 tap både for Holmen og Oppsal medan Drøbak/frogn slo gutane våre 4-0.
Det var heile tida stor stemning blant alle spelarane. Dei var med og støtta kvarandre under kampane og kampen på sidelinja vann Njardar alltid!
På vegne av alle leiarane og trenarane kan eg sei det var ein flott gjeng ungdommar som representerte Njardar/Tysnes flott både på og utanfor banen.
Leiar i Norway Cup :Øystein Utne
Oppsummering sportsleg aktivitetar for kvar klasse.
A-laget 2007.
2009 har vore ein kjekk sesong, med mange sigrar både på heime og bortebane.
Me har hatt det gøy på trening, og mange av dei unge har vist stor framgong i løpet av sesongen.
Etter tap i fyrste kampen mot Lysekloster, skjøna me fort at einaste realistiske målsetjing var å kapra 2. plassen bak Lysekloster som hadde ”kjøpt” inn både trenarar og spelarar. Dei var rett og slett i ein klasse for seg sjølv.
Men 2. plassen klarte me å kapra! Det, samt å spela uavgjort borte mot Lysekloster
i tillegg til å banka argaste konkurent om 2.plassen – Søfteland 6-0 på heimebane må vel vera høgdepunkta i sesongen.
Som trenar er eg godt nøgd med treningsframmøte – sjølv om det som vanleg dala litt utover haustsesongen.
Klarar me å halda denne fine gjengen samla, og skynde oss sakte blir nok Njardar/Tysnes å sjå ein divisjon og to høgare om eit par år.
Men for at me skal få det til må me sakte men sikkert byggja eit samhold og ein vinnarkultur som kan vara!
I tillegg er det viktig at me får på plass kunstgrasbana, slik at treningstilhøva blir betre.
Med dei treningstilhøva me har i dag har me eigentlig ikkje føresetnad for å spele høgare en 7.divisjon.
Trenar :Kjartan Hagen
Damelaget
Damelaget gjennomførte ein bra sesong og vart nr.3 i si pulje. Laget var solide i heimakampane og vann 5 av 6 kampar, 1 kamp enda med tap. Borte vart det 3 sigrar og 3 tap. I februar deltok laget i innandørs cup på Fitjar og gjorde ein god innsats.
Det har vore nytta totalt 14 spelarar. I haustsesongen hadde ein ei stamme på 10-11 spelarar.
Laget har stort sett "berre" trent ein gong i veka gjennom heile sesongen. Frammøte har variert ein del, noko som har medført at kvaliteten på treningane ikkje alltid har vore like god. Nokre treningar måtte avlysast pga lite oppmøte.
Dersom alle spelarane fortset ein sesong til, treningsmengda vert auka og kvaliteten på treningane generelt vert heva, bør laget kunna utvikla seg og gjera det enno betre til neste år.
Oppman: Marita Lie Nesse
Trenar: Nils Eivind Hansen
Årets Spelar: Marita Lie Nesse
Mest framgongsrike spelar: Veronika Skaten Lyngstad
Toppscorar: Marita Lie Nesse
Trenar for a-lag og damelag har trena laga på dugnad.
SMÅJENTELAGET
.På laget er det spelarar frå 95,96 og 97. Etter ein god fjorårssesong rykkte laget opp til 1.div(høgast nivå)Dette blei for høgt nivå og dermed fleire store tap.Ein siger og eit uavg. klarte jentene
Trenar :Elin Borgen
Oppmann :Wibecke Skorpen
SMÅGUTELAGET 95
Smågut 95 vart nummer tre i 7ar serien. Laget spelte til tider god fotball og scora masse mål, men svikta på konsentrasjonen i enkelte kampar, dermed klarte ein ikkje ta topplasseringa på tabellen. Laget har spelt 3-2-1 formasjon, der ein la vekt på at backane skulle bidra i det offensive spelet, noko dei utvikla bra i løpet av året. Laget har bestått av ni 95-modellar og det er brukt ein overårig spelar til kvar kamp (hatt fire 94-modellar å ta av). Med rett innstilling og treningsiver kan fleire av desse spelarane ta eitt ytterlegare steg i si eiga utvikling i 2010! Men det er opp til den enkelte å visa. Laget var til Norway Cup og gjorde ein god innsats der!
Årets spelar: Markus Ebbesvik.
Årets mest framgongsrike spelar: Jon Enes
Årets toppscorar: Daniell Hauge Hansen
Trenarar: Lars Enes, Vidar Skulstad og Gunnar Hansen
Oppmann: Lars Enes
SMÅGUTELAGET 96
Sesongen starta med to treningar i veka i Hallen frå januar til mars. Der trente me kondisjon, styrke og spelte ein del kampar.
I april byrja me og trene to gonger i veka på Vassbakken. På treningane hadde me vendingar, pasningar, finter og avslutningar, 1 mot 1 på keeper, firkant 4 mot 1 og speling.
I vårsesongen hadde me 2 seire, 3 uavgjorte og to tap. Mplskilnaden var 28 – 44.
Haustsesongen byrja me med å trena ein gong i veka i lag med 97 på Reiso og ei trening aleine på Vassbakken dei torsdagane me ikkje spelte kamp. Me fekk 3 seire, 1 uavgjort og 3 tap. Målskilnaden vart 34 – 29.
Me fekk eit gult kort og ingen skader denne sesongen. Det vart nytta fem 97 og ein 98 spelar. Me spelte 11’ar forball.
Trenar:Bengt Lunde
LILLEGUTAR 97
G97 har kun spelt serie i år og ingen cupar.Har trent i lag med 96 laget.Fleire av lagets spelarar har fått prøvd seg på 96 laget
Årets sesong var eigentlig ein nedtur, dersom eg skal samanlikne den med dei andre åra eg har trent dette laget.
Det som har vore kjenneteiknet til dette laget, heilt sidan eg byrja å trena dei, har vore innsats, men i år har innsatsen vore dårlig og svakt treningsframmøte.
Trenar : Arild Pettersen
Oppmann:Sigurd Hansen
LILLEGUTAR 98
Ei gruppa på 10-12 spelarar.Fleire gode spelarar som har fått prøvd seg på 97 laget og klart seg bra.
Trenarar :Bjørn H.Ludviksen,Oddvin Flornes og Per I. Økland
Oppmenn :Anna Kristin Flornes og Fredrik Haugsgjerd
MINI –99
Treningane byrja etter Fotballens dag. Underteikna tok på seg treningane for at gutane skulle koma i gong. Denne igongsetjingsfasen varte resten av sesongen.
I byrjinga var det 8 – 9 spelarar som møtte på treningane, og det var naturleg å melda på eitt femmar-lag i serien som vart administrert av Os Turn. Etter kvart seig det til fleire spelarar, og til slutt var me 14. Heldigvis fekk me lov å få med endå eit lag slik at det vart 7 spelarar på kvart. Laga kom i kvar si pulje, men kampane gjekk stort sett parallelt både heime og ute. Eg skifta på å vera leiar for laga under kamp, og ein av foreldra tok ansvar for det andre. Me var samde om at alle skulle få spela like mykje så dette gjekk svært greitt. I mange av kampane var det Kjetil Støle som var leiar saman med meg.
Spelarane møtte på mest alle treningane, og var nokon borte, fekk eg beskjed på førehand. Eg meiner å kunna registrera ei god utvikling i løpet av året, ikkje minst i det å spela saman. Også individuelt var det god framgong. Begge laga vann om lag like mange kampar som dei tapte, og det skal me vera nøgde med.
Laga deltok i cupar på Os og Stord, og her gjekk det om lag som i serien, litt fleire sigrar enn tap.
Per stilte opp slik at alle fekk ta merkeballen. Desse fekk dei utdelt på avslutninga.
Foreldra var flinke å stilla opp på kampane, og også på treningane var mange av dei til stades der dei hjelpte til når det var nødvendig. På avslutninga i klubbhuset møtte 20 foreldre, og alle 14 hadde minst ein av foreldra med. Flott!!
Trenar Helge Hauge
Jenter 99.
I tillegg til trening en gang pr. uke, har vi deltatt i miniserie i år og spilt kamper mot lag fra Os og omegn. Sportslig har sesongen vært bedre enn i fjor, men laget bærer preg av at trening kommer i gang alt for seint på året. Oppstart med trening etter fotballens dag i april er for seint. Men da 90% av jentene også spiller håndball, er vintertrening vanskelig å få til. Godt treningsoppmøte fra alle jentene som også har vist stor sportslig fremgang gjennom sesongen. Høyde punktene i år var at vi fikk to seiere, en i vår sesongen og en i høstsesongen. Vi har vært 15-16 spillere og hadde frafall på bare 4 stk gjennom sesongen. Siden vi har så mange ble jentene delt i to lag slik at den enkelte skulle få mest mulig spilletid i kamp. Jeg vil gi honnør til foreldre som har stilt opp hver gang de har blitt spurt. Også en takk til Jon Sævartveit som har vært hjelpetrener både på trening og kamper.
Trener for Jenter 99, Kato Stien og Jon Sævertveit
Gutar 2000
I 2009 var det 10 gutter med på laget
Vi var med på Bjørnefjord Cup på Os på forsommerene og på Puttefestival på Stord i August.
Fra vår til høst har det vært stor framgang.
Alle på laget tok ferdighetsmerket (minimerket) i høst.
Sesongen begynte med alt for mange lag/spillere/kamper på Reiso med samme treningstid/kamptid.
Det var også alt for få trenere/ledere i forhold til antall barn.
Dette bedret seg i løpet av sesongen.
Trenar Børge Pedersen
Oppsummering for –2001 – 2001 - 2002
Mellom 20-30 spelarar i denne gruppa.Få foreldre som har engasjert seg.
Dei som har vore med:Kari Lande,Tor Skeie Olsen ,Øystein Bakke og Åse Enes
Målsetjing 2009.
Målsetjinga for 2009 har vore å prøva å oppretthalda dei tradisjonelle arrangementa som er blitt ein tradisjon for klubben.
Sportslege utfordringar vert:
- å ha eit tilbod til alle som ynskjer å spela fotball under føresetnad at ein har nok trenarar og oppmenn, dvs. foreldre som engasjerer seg.
- Heva prestasjonane til spelarane på trening og i kamp slik at ein individuelt og som lag kan bli betre
- Setja krav til treningsframmøte, få til ein god treningskultur og innstilling/haldning blant spelarane.
- Tilby kurs for trenarar og dommarar evt. i eigen regi eller kretsen.
Målsetjing 2010
Målsetjinga for 2010 blir dei same punkta som for 2009,
Uggdal 19.01.2010
Per Vermedal
leiar